Vm 18: 2014 – Ungdommens kirkemøte og vårt daglige brød

 

Takk for maten! Slik begynner vedtaket fra Ungdommens kirkemøte i 2014 i en sak om mat og matproduksjon i en verden med store klimaproblemer og urettferdig fordeling av ressurser.

UKM minnet om at Jesus lærte sine disipler å be: «Gi oss i dag vårt daglige brød (Matt 6,11):

Sidan den gongen har kristne over heile verda bede denne bønna. Brød og annan mat er livsviktig for oss alle.

UKM drøftet spørsmål rundt matproduksjon og mattrygghet, bl.a. paradokset at myndigheter legger til rette for større og færre gårdsbruk, mens FN tar til ordet for mer agroøkologi og en omlegging av støtte til mindre produksjonsenheter. UKM sier bl.a.:

Ei støtte til lokal matproduksjon må ikkje misbrukast som eit argument for ein streng proteksjonisme som hindrar handel med landbruksvarer frå utviklingsland. Ein kan spørje om det ikkje vil vere betre å produsere maten i andre delar av verda, for eksempel i u-land. Forsking viser at innan år 2030 må den samla matproduksjonen i verda aukast med 30 %. UKM14 meiner derfor at det gir lita meining å stille desse målsetjingane opp mot kvarandre ettersom behovet for ei berekraftig utvikling av framtidig matproduksjon gjeld for heile verda (ikkje berre Noreg eller Afrika).

Marknadsmekanismar og konkurranse har ført til færre, men større einingar hos vidareforedlingsindustrien og matprodusentane. Lokale arbeidsplassar er gått tapt, og produkt og varemerke har mista si lokale tilknyting når produksjonen blir flytta eller flagga ut. Vi er glade for at samarbeid om sporbarheit av mat og bygging av lokale merkevarer medverkar til å ansvarleggjere og bevisstgjere forbrukaren. Som kundar og forbrukarar meiner UKM14 at det er viktig å jobbe for å oppnå dette.

Mat er ikkje noko sjølvsagt, men ein grunn til at vi skal vere svært takksame og audmjuke, og eit uttrykk for at vi er heilt avhengige av samspelet med naturen rundt oss. For kristne er det ein grunn til dagleg å takke Gud for den maten som er gitt oss. Å setje seg inn i tema som produksjon, distribusjon, forbruk og kasting av mat er utfordrande. UKM14 meiner det er nødvendig at forbrukarar får eit meir informert og reflektert forhold til desse temaa. Dette området utgjer ein stor del av klima- og miljøproblema i verda. Store globale og nasjonale forhold er her fletta saman med livsstilsspørsmål på det personlege planet.

UKM behandlet i saken flere sider av en sammensatt problemstilling og vedtok dessuten i en resolusjon å støtte kampanjen for en Framtidsombud av organisasjonen Spire. Her er linkene til saksdokumentet og vedtak i saken.

Les videre Vm 19: Vår 2015 – Dyrevelferd – angår det kirken?